NPK: Statens vegvesen har no hatt timebestilling for alle tenestene ved trafikkstasjonane i over eit år og erfaringane har vore svært gode.
Det skriv Statens vegvesen i ein kronikk.
– Tidlegare måtte du vente i kø ved skranken på trafikkstasjonen for å registrere om bilen eller fornye førarkortet. Med timebestilling kan du nytta tida di betre, for med ein førehandsbestilt time veit du akkurat når det er din tur. I tillegg innhentar vi alle relevante data om deg og bilen din, slik at det heile går fort og effektivt, skriv Frode Børstad, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
– Framtida blir meir og meir digital, men i overskodeleg framtid vil det vere behov for trafikkstasjonar. Har du behov for nokre av våre manuelle tenester, så er det timebestilling som gjeld, held han fram.
Publisert: 30.06.2021 06:47
Sist oppdatert: 30.06.2021 06:49