(NPK-NTB): Guri Melby (V) får ansvaret for ein skulesektor i unntakstilstand, medan ny fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) lovar å navigere gjennom brotsjøen.
– Eg er heilt sikker på at når Guri no kjem inn med den kunnskapen og bakgrunnen ho har, på at ho kjem til å følgje dette tett opp og gi dei gode råda som departementet skal gi, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho presenterte dei to nye statsrådane i regjeringa.
Ho omtala den nye utdanningsministeren sin som hardtarbeidande og kunnskapsrik. Statsministeren roste òg lærarar som har sete oppe heile natta for å lage heimeoppgåver for elevane når skulen no er stengd.
Melby tek over etter Venstre-leiar Trine Skei Grande, som denne veka måtte kaste inn handkleet på grunn av leiarstriden i Venstre. Oslo-politikaren medgav at det var ein spesiell dag å ta over som minister på.
– For Kunnskapsdepartementet er det viktigaste at vi klarer å ta vare på barn og elevar over heile landet, sa Melby, og understreka at situasjonen ikkje skal gå ut over læringa til elevane.
Den nye fiskeriministeren var naturleg nok oppteken av koronakrisa.
– Vi er alle i same båt, og vi må alle navigere gjennom dei brotsjøane som måtte kome, sa han.
Solberg framheva bakgrunnen til Ingebrigtsen både frå lokalpolitikken i Bodø og erfaringa frå fiskerinæringa i nord.
– Eg kjenner han som ein engasjert politikar, men ikkje minst som ein engasjert næringsutviklar, med eit sterkt engasjement for landsdelen han kjem frå, sa Solberg.
Ingebrigtsen tek over etter Geir Inge Sivertsen (H), som gjekk av som følgje av rot med etterlønn og styreverv.
(©NPK)

Publisert: 13.03.2020 12:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29