NPK: Torskerøktar Halvard Hovland trur torskeoppdrett på sikt har potensial til å bli like stort som laksen. Torsken dei har avla fram, veks dobbelt så fort som før.
Halvard Hovland, dagleg leiar i Havlandet Marin Yngel, trur torsken dei har brukt dei 19 siste åra på å avle fram, kan vere grunnlaget for ei ny næring, skriv .
For tjue år sidan var det fleire som prøvde seg på torskeoppdrett i Noreg, men torsken vaks sakte i fangenskap, rømte, fekk sjukdommar og vart kjønnsmoden for tidleg. At den ville torskebestanden samtidig tok seg opp, gjorde oppbretten til eit tapsprosjekt.
Havlandet Marin Yngel er ein av få oppdrettarar som ikkje la ned produksjonen. Dei fokuserte på avl og genetisk utveljing, og valde ut fiskane som treivst best i oppdrett. Fisken kom frå Borgenfjordstammen på Møre, som ifølge Teknisk Ukeblad er den villfiskstammen i Noreg som veks raskast. Etter fleire år med avl utan sal, selde dei rett før jul den første yngelen til Norcod i Trøndelag. Selskapet har planar om å slakte 9000 tonn i 2021 og auke til 30.000 tonn i 2025.
Torsken som Havlandet Marin Yngel har avla fram brukar 22 månader frå han er eit egg til å han er fire kilo.
– Vi har halvert produksjonstida frå da vi starta avlinga. Det er ikkje mange arter som har same eigenskapar, seier Hovland til TU.

Publisert: 28.02.2020 14:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30