(NPK-NTB): Det er berre 26 kvinnelege redaktørar av totalt 110 redaktørar i lokalaviskonserna Amedia og Polaris.
Det viser ein gjennomgang utført av .
– Dette synest eg ikkje noko om. Det er 50 prosent kvinner i landet, og det er mange kvinner i konsernet, så det burde absolutt vore plass til fleire kvinnelege leiarar, seier konserntillitsvald Eva Stenbro i Amedia.
Ho meiner kjønnsbalanse er viktig på grunn av likestilling og peikar vidare på at fleire kvinnelege redaktørar kan ha positiv påverknad på både arbeidsmiljøet og det redaksjonelle innhaldet.
Konsernsjef i Polaris Media meiner den store delen menn i redaktørstolane i konserna kjem av at folk har sete lenge i jobbane sine.
– Eg trur kvinnedelen vil auke på sikt, men det er ikkje noko å diskutere at det er for lågt, seier konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media.
(©NPK)

Publisert: 17.01.2020 10:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31