NPK-NTB: Tines planlagde produksjon av Jarlsberg-ost i Irland er forseinka. Selskapet treng meir norsk mjølk for å halde fram eksporten av norsk ost.
Nesten fire månader etter at det nye produksjonsanlegget i Irland var klart, ventar Tine framleis på løyve til å drive det.
– Vi har framleis ikkje fått utsleppsløyvet som vi treng for å starte opp og køyre mjølk på anlegget, seier konsernsjef Gunnar Hovland i Tine til .
Planen var å ha produksjonen i full drift 1. juli, når eksportstøtta for ost blir avvikla.
Ifølgje Nationen kan Tine få behov for vel 6 millionar liter meir norsk mjølk kvar månad drifta av anlegget er forseinka. Utsleppsløyvet er førebels forseinka med sju månader ut frå tidsplanen som er lagt av Tine og den irske samarbeidspartnaren Dairygold. Det opplyser Tine.
Det er uklart kor lang oppstartsperiode det nye meieriet treng for å få produksjonen i full gang.
Regjeringa og Norges Bondelag vart i haust samde om ordningar for å få ned produksjonen av mjølk med 100 millionar liter i året. Til produksjonen av ost i Irland skal det brukast europeisk mjølk.
Medan Tine investerer 800 millionar i Irland, skal selskapet spare ein milliard kroner og kvitte seg med 10 prosent av dei tilsette i Noreg innan utgangen av 2021. Leiinga seier årsaka er kutt av eksportstøtta for ost.

Publisert: 14.02.2020 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30