Kort fortalt

Trollstigen-sving har fått kvinnenamn

Avduka Nikkasvingen.

13.11.2020
NPK: Heilt fram til i dag har svingane i Trollstigen berre fått namn etter menn som bygde vegen, men no har også tidlegare anleggskokke Nikka Myren Grønning (103) fått sin eigen sving på den kjende turistvegen.
– Det er veldig kjekt at vi blir heidra. Vi jobba vi òg, streva og sprang, seier den tidlegare Trollstigen-kokka til etter at det nye skiltet med «Nikkasvingen» denne veka blei avduka på den kjende turiststien.
Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Tove-Lise Torve, kallar Nikka er eit symbol på anleggskokkene og meiner det var på tide at kvinnene blir heidra med eit kvinnenamn på ein av svingane.
Også likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm meiner det er viktig at innsatsen til kvinnene i samband med bygginga av Trollstigen blir sett pris på.
– I eit større perspektiv og over tid, handlar det faktisk om viktige tema som representasjon, likestilling og demokrati, seier ho.

Publisert: 13.11.2020 09:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24