NPK: Fylkeskommunen i Møre og Romsdal har ikkje pengar til å rassikre den kjende og populære turistvegen Trollstigen før tidlegast om åtte–ni år. No vil dei ha hjelp av staten.
– Då vi møtte Møre-benken måndag, trekte vi spesielt fram rassikringa av Trollstigen. Trollstigen er ein del av Nasjonal turistveg, og har enorm betydning for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal. Vi meiner Stortinget må støtte opp under rassikringa av eit nasjonalt ikon som Trollstigen gjennom å løyve meir pengar, seier Kristin Sørheim (Sp) til avisa
Det er lagt fram to alternative måtar å sikre Trollstigen mot steinras. Den billegaste er å reinske fjellsida i det mest rasutsette området. Arbeidet er berekna å koste rundt 90 millionar kroner. Det dyraste tiltaket for å sikre Trollstigen mot ras er å legge vegen inn i ein 450 meter lang tunnel forbi det farlegaste området. Denne løysinga vil koste rundt 260 millionar kroner.
Tidlegare samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) er i dag stortingsrepresentant. Han kan ikkje love at staten vil ta rekninga med å sikre Trollstigen. Dale meiner Møre og Romsdal fylkeskommune sit med ansvaret for å rassikre Trollstigen.
– Trollstigen er ein fylkesveg og dermed ansvaret til fylkeskommunen. Så blir spørsmålet om det kjem ein eigen pott til rassikring av fylkesvegane. Eg trur at sjølv med auka rammer i Nasjonal transportplan blir fylkeskommunen nøydd til å prioritere blant vegprosjekta, seier Dale.

Publisert: 18.01.2021 20:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23