Kort fortalt

Trrur på endå sterkare krone

Har styrkt seg sju prosent i juli.

28.07.2017
NPK-NTB: Fleire analytikarar og valutastrategar trur at krona vil styrke seg ytterlegare mot nyttår.
– Når det er såpass kraftig betring i norsk økonomi som det har vore det siste året, faktisk betre enn venta, er det paradoksalt at krona er svakare no enn ved inngangen av året, seier Øystein Børsum til , som siktar til kroneutviklinga mot euro.
Han er sjeføkonom i Swedbank og ein av dei avisa har snakka med som er mest positiv til krona. Auken i juli har styrkt krona med omkring 60 øre mot amerikanske dollar og 30 øre mot euro.
Utviklinga heng saman med oljeprisen og det avtakande bustadmarknaden, meiner Børsum.
– Utanfrå kan det ikkje sjå bra ut at bustadprisane fell etter 20 år med auke, men vi har eit anna perspektiv. Dette er Oslo-spesifikt. No svarer tilbodet på bustader endeleg, og tilbodet kjem kraftig. Det betyr at prisoppgangen i fjor var for sterk og må korrigerast tilbake. Derfor kan vi vente ei sterkare krone igjennom hausten etter kvart som dette biletet festar seg, seier han.

Publisert: 28.07.2017 08:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41