NPK: Seks av ti ungdommar trur dei vil få det tøffare i framtida enn foreldra deira har hatt det, viser ei fersk undersøking.
Tala kjem fram i den årlege UNG-undersøkinga for NHO som blei publisert torsdag, fortel
Resultata frå undersøkinga i år markerer eit brot med det som har kome fram i undersøkinga tidlegare. Då har dei fleste ungdommane svart at dei trur dei vil få det lettare enn foreldregenerasjonen.
No er altså trua på framtida blant dei unge svekt. Undersøkinga viser at eit fleirtal av ungdommane over heile landet er bekymra for at dei vil stå utanfor arbeidslivet. Mange er også urolege for at dei ikkje skal få den jobben dei drøymer om eller om dei får ein jobb i det heile.
– Dette er ein tydeleg beskjed frå unge over heile landet, seier regiondirektøren i NHO Innlandet, Jon Kristiansen, i ein kommentar til NRK.
Han meiner at alle no har eit ansvar for å gje dei unge tru på framtida.

Publisert: 07.01.2021 16:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23