(NPK): Makrellstørjekvoten blir venteleg berre varsamt auka frå 2016 til 2017, og da er det truleg mest tenleg å halde fram fisket som prøvefiske med éin båt, meiner Fiskeridirektoratet.
Etter den gjeldande forvaltingsplanen i ICCAT (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas) ligg det førebels an til at Noreg får auka kvoten med oppunder ti tonn til i alt 53,48 tonn neste år.
Fiskeridirektør Liv Holmefjord ser dermed for seg at fisket etter makrellstørje i hovudsak blir ført vidare i 2017, med visse unntak. Det går fram av ei orientering frå Holmefjord i samband med reguleringsmøtet i Bergen 2. og 3. november, skriv Fiskeribladet Fiskaren.
I år har ringnotskøyta Hillersøy frå Askvoll vore åleine om ein kvote på 32 tonn, mens resten av kvoten, 11,71 tonn, har vore sett av til bifangst.
Generelt har det vist seg vanskeleg å fiske størje i norske farvatn, meiner direktoratet, men 16. september knuste Hillersøy sesongkvoten i eitt enkelt kast ved Ona utanfor Mørekysten. Ikkje mindre enn 191 eksemplar på 170– 300 kilo gjekk i nota, totalt nesten 40 tonn. Det tyder på at det kan vere nok med eitt ringnotfartøy neste år òg, meiner Fiskeridirektoratet. (©NPK)

Publisert: 28.10.2016 15:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43