NPK-NTB: Smittevernekspert og overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet seier styresmaktene er meir bekymra no enn dei var for svineinfluensaen i 2009.
Aavitsland seier til VG at det vil komme dødsfall som følgje av koronaviruset i Noreg, men at det er umogleg å seie kor mange.
32 personar i Noreg døydde av svineinfluensa for 11 år sidan.
– Ja, vi er betydeleg meir bekymra enn i 2009. Risikoen for dødlegheit for den enkelte smitta ser ut til å vere betydeleg høgare enn med svineinfluensaen. Eg trur dette blir veldig stort, seier Aavitsland til .
For dei fleste er ikkje sjukdommen covid-19, forårsaka av koronaviruset, farleg eller livstruande, men for nokre kan det bli alvorleg.
– Vi veit at det går eit skilje ved 1–2 veker. Viss pasienten blir dårlegare etter 1–2 veker, får dei ofte viruslungebetennelse langt nede i lungene. Det kan øydelegge lungene og gi akutt lungesvikt. Då treng pasienten pustehjelp. Vi veit òg at risikoen for barn og unge vaksne er liten. Frå 60-årsalderen aukar han veldig, seier smitteverneksperten.

Publisert: 06.03.2020 08:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29