(NPK-NTB): Sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen i Eika Gruppen åtvarar om konsekvensane av at nordmenn handlar mindre enn på fleire år.
Fjorårets julehandel var den dårlegaste på to år, og detaljhandelen fall med to prosent frå november til desember, viser tal frå . Forklaringa er at fleire starta julehandelen tidlegare.
– Det er ganske dramatisk for fortenesta til detaljhandelen. Du veit kvifor dei kallar det Black Friday? Det er fordi det er då rekneskapen for året skal skifte frå raude til svarte tal. Når årets julehandel vart katastrofal, så vil han gi ei konkursbølgje i varehandelen. Det er ikkje noko vi kan gjere med det, seier Andreassen til .
Tala SSB publiserte torsdag, viser at sal av byggjevarer og møblar var blant næringane som bidrog til nedgangen. Det same gjeld klesbutikkar og sal av sportstøy, fritidsbåtar og elektronikk.
Andreassen meiner forklaringa er at nordmenn sparer meir. Han peikar vidare på at fallet i bustadbygginga i fjor på 15 prosent og fleire arbeidsledige styrkar trua på dei dystre økonomiske utsiktene.
(©NPK)

Publisert: 31.01.2020 12:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30