NPK-NTB: Hotelleigar Christian Ringnes trur pandemien vil føre til at hotell blir gjort om til bustader eller kontorbygg. I Oslo står 11.000 hotellrom tomme kvar natt.
Christian Ringnes trur mange av hotellaktørane i landet får trøbbel innan hotellbransjen er tilbake til normalen, skriv Dagens Næringsliv.
– Hotella som ser bra ut, blir vinnarane. Dei som struper inn på vedlikehaldet fordi dei ikkje har pengar, vil tape. Vi vil heilt sikkert sjå at ein del hotell vil bli konvertert til leilegheiter og kanskje òg tilbake til kontor. Nybyggingsaktiviteten vil stanse opp, trur Ringnes.
I oktober var berre 23,3 prosent av hotellkapasiteten i Oslo utleigd. Det betyr at 11.000 av totalt 14.500 rom stod ledige kvar natt i ein periode som vanlegvis er ein særs god periode for hotella. Ikkje noko tyder på at november blir betre.
– Dei hotella som har vore minst ramma av krisa, er jo budsjetthotella på mindre stader lett tilgjengelege med bil og tog; dei som er lite avhengig av internasjonal trafikk, seier Ringnes. Han håpar at det gradvis blir betre gjennom 2021 og at bransjen vil vere tilbake til normalen i 2023.

Publisert: 04.11.2020 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24