NPK: Tang og tare kan bli ei ny og lønsam havnæring i Noreg, men det er framleis ein veg å gå, kjem det fram i ein ny rapport.
– Noreg har potensial for å bli ein leiande aktør innan produksjon og bruk av makroalgar. Men i ein marknad som framleis er på forsøksstadiet, har vi peikt på eit behov for å utvikla både dyrkingsteknologi, produkt og marknader med lønsemd i Noreg, seier forskar Kjell Magnus Norderhaug ved i ein omtale av den ferske rapporten «Mot en ny havnæring for tare?»
Rapporten er skriven av forskarar frå Havforskingsinstituttet, Sintef og NMBU.
Førebels har Noreg berre små anlegg for produksjon av tang og tare. Ifylgje rapporten det først med større anlegg lenger til havs at det kan opna seg store moglegheiter.
For å auka produksjonen av tang og tare i Noreg, blir det mellom anna teke til orde for å bruka meir tare i husdyrfôr. Både NMBU og Havforskingsinstituttet er allereie i gang med forsøk på korleis dette kan gjerast.

Publisert: 13.11.2020 17:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24