NPK: Det var rundt 4.000 færre besøkande til Loen Skylift i 2019 enn i 2018. Dagleg leiar Richard Grov har likevel tru på at dei vil få ein besøksrekord i 2020.
– For 2020 har vi mange fleire førehandsbestillingar av turar enn vi har hatt før. Spesielt kjem desse frå cruisetrafikken frå alle hamner i Nordfjord, seier Richard Grov, dagleg leiar i Loen Skylift til .
Sjølv om besøkstalet gjekk ned frå 2018 til 2019, gjekk omsetninga opp. Grov trur ein grunn til at talet gjekk ned førre sesong var dårleg vêr. Spesielt mars fekk ein nedgang i 2019. I 2018 hadde dei mange besøkande i mars, medan dårleg påskevêr i 2019 førte til færre besøkande. Ulukker knytt til luftsportsaktiviteten med etterfølgjande hopprestriksjonar har òg påverka besøkstala, trur Grov.
Loen Skylift har i dag over 140 aksjonærar, skriv Fjordingen og Sunnmørsposten.

Publisert: 03.01.2020 14:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31