(NPK-NTB): Pareto Securities trur lakseprisen neste veke framleis vil liggje på rundt 73 kroner kiloen. Uvêr langs kysten gir forseinka slakt.
– Lakseprisen held seg høg fordi det er avgrensa med slakting på grunn av uvêret som har herja langs kysten i Noreg. Uvêret gjer slaktearbeidet vanskeleg, seier sjømatanalytikar Carl-Emil Kjølås Johannessen i Pareto Securities til Finansavisen.
Han reknar med at lakseprisen neste veke blir 13,4 kroner høgare enn prisen i tilsvarande veke i fjor. Prisen på rundt 73 kroner kiloen er 15 prosent over nivået i fjor.
Den høge prisen er likevel ikkje venta å vare. For første kvartal 2020 ser Pareto Securities for seg ein snittpris på norsk laks på 64 kroner per kilo, mot 61 kroner i første kvartal i fjor.
Meklarhuset trur lakseprisen vil stige òg på årsbasis – og at dette er ein stigande trend i åra framover.
– Vi trur snittet på lakseprisen vil auke frå 57 kroner per kilo i fjor til 61 kroner i år, seier sjømatanalytikaren.
Grafane frå Pareto Securities viser at dei trur snittprisen for laks vil liggje på 62 kroner per kilo i 2021 og 63 kroner i 2022. Årsaka til at analytikarane trur på framleis vekst, er at dei reknar med vekst i både tilbod og etterspurnad, men at veksten i tilbod blir lågare, noko som pressar prisane oppover.
(©NPK)

Publisert: 10.01.2020 09:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31