Kort fortalt

Tusenvis melder om avlingssvikt

Tørke følgd av store vassmengder skapar problem.

NPK
02.08.2023

(NPK) Ei lang tørkeperiode frå mai og ut juni månad, etterfølgd av store vassmengder i juli, har ført til avlingssvikt i fleire delar av landet.

Landbruksdirektoratet sine tal frå 24. juli viser at den hardast råka regionen er Oslo og Viken. Der har 2684 meldt om svikt i produksjonen, skriv Nationen.

2098 av meldingane omhandlar svikt i kornproduksjon, og 586 om svikt i grovfôrproduksjon.

Nest hardast råka av dei vanskelege veksttilhøva er Innlandet, med 398 meldingar om svikt i kornproduksjon og 430 meldingar om svikt i grovfôrproduksjon.

Også Vestfold og Telemark og Agder har slite denne sesongen, med høvesvis 544 meldingar og 363 meldingar om produksjonssvikt.

Det er totalt meld om 356 tilfelle av produksjonssvikt som ikkje er på korn eller grovfôr.

(©NPK)

Publisert: 02.08.2023 11:38

Sist oppdatert: 02.08.2023 11:38

Mer om