(NPK): Sakte-tv frå Svalbard gir god avkasting for Hurtigruten. Etter at NRK byrja å sende programmet, er talet på bestillingar av ekspedisjonscruise til Svalbard nesten tjuedobla, skriv .
NRK byrja å sende «Svalbard minutt for minutt», med opptak frå skipet MS Spitsbergens rundtur rundt Spitsbergen i august i fjor. Sendinga held fram til 9. februar, og sendingane har ifølgje Hurtigruten sjølv gitt ein stor auke i sal av turar den siste veka.
Dei opplyser at salet av ekspedisjonscruise til Svalbard har auka med 1900 prosent, og salet av ekspedisjonscruise til andre islagde destinasjonar, som Antarktis, Grønland, Alaska, Island, nordlege Canada og Nordvestpassasjen har auka med 2800 prosent.
Hurtigrutens ekspedisjonsreiser til Svalbard varer frå seks til fjorten dagar og kostar frå 11.000 til 60.000 kroner.
Sjef i Hurtigruten, Daniel Skjeldam, fortel at det til vanleg er under fire prosent nordmenn på ekspedisjonscruisa deira, og at dei no håper at merksemda gjer at dei kjem over ti prosent.
– Alle kjenner godt til det vi gjer langs norskekysten, men Svalbard er det altfor få nordmenn som reiser til. Derfor er det ekstra gledeleg at fleire nordmenn får auga opp for det, seier Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam til E24.
(©NPK)

Publisert: 06.02.2020 14:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30