Ulshav blir del av Furene
Grønt lys for aksjebyteavtale.
Generalforsamlinga i Furene har endeleg godkjent aksjebyteavtalen som gjer at Ulshav no blir ein del av Furene-konsernet.
Det opplyser Furene i ei pressemelding torsdag.
Dei tidlegare eigarane av Ulshav – Ulstein og Hareid kommune – får høvesvis 60 og 30 nye aksjar kvar i Furene som følgje av avtalen.
Bakeriverksemda Mjøl og Meir og jobbfrukt-ordninga har vore dei største aktivitetane i Ulshav dei siste åra. Dei har utsal både i Ulsteinvik og Hareid.
– Frå sentralt hald har der lenge vore ytra ønskje om færre og større einingar og derfor var ein dialog med Furene det rette for oss, uttaler konstituert dagleg leiar og styreleiar i Ulshav, Yrjar Garshol.
Garshol er også valt som ny styreleiar i Furene, som no blir leia av Inge-Jonny Hide.
Furene har base i Volda, men driv arbeids- og inkluderingsverksemd i både Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Herøy og Volda kommunar.
Furene As hadde eit økonomisk rekordår i 2022 med inntektene på meir enn 59 milllionar kroner og eit overskot før skatt på 4,5 millionar. Rekneskapen for 2023 er ikkje offentleg enno.
Ulshav hadde også rekordhøg omsetning i fjor, men enda året med eit underskøt for skatt på nær millionen.
Publisert: 27.06.2024 11:13
Sist oppdatert: 27.06.2024 11:13