Jeya Balasundaram montasje Jets foto Marius Rosbach Jets 11
SPRÅK OG KJENTFOLK: Jeya Balasundaram trur kjentfolk og godt språk kan vere nøkkelen for mange med utanlandsk bakgrunn til å få jobb i Norge. Etter å ha søkt etter ny jobb i kring to år, fekk ho fast arbeid ved Jets i fjor. Foto: Jets/Marius Rosbach
Nytt

Jeya fekk fast jobb etter å ha søkt i fleire år

Bruk kjentfolk og lær godt norsk er elektroingeniøren sine tips til jobbsøkjarar med utanlandsk bakgrunn.

Marius Rosbach
24.01.2023

Etter å ha blitt råka av nedbemanning ved Ulstein Verft i 2019, opplevde Jeya Balasundaram at det var vanskeleg å få ny jobb. Elektroingeniøren søkte ein rekke jobbar, utan å lukkast.

Etter at ho kom i kontakt med arbeids- og inkluderingsbedrifta Furene, endra ting seg. Først fekk ho midlertidig jobb i Jets-konsernet på Hareid – og i fjor kunne ho juble over fast stilling ved same bedrift.

– Eg jobbar med «prosjekt-engineering» på elektro, seier ho – og fortel at ho trivst godt i jobben.

Stor utbrukt arbeidskraftreserve
I dag, tysdag 24. januar, blir det arrangert «Give a Job»-messe i Ørsta, der rekruttering av folk med utanlandsk bakgrunn er tema. Tal frå Nav viser at nesten ein av tre utanlandskfødde i kommunane Ørsta, Volda, Herøy og Ulstein ikkje er i arbeid.

Denne gruppa er ein arbeidskraftreserve der mange både vil og kan jobbe, fortalde statistikksjef Ulf Andersen i NAV til NETT NO.

Kvifor tilsette/ rekruttere folk med rare namn, er mellom spørsmåla som blir stilt under konferansen som ventar deltaking frå nær 50 bedrifter og 200 potensielle arbeidstakarar.

Oppmodar til å bruke kjentfolk
Jeya Balasundaram seier ho ikkje har opplevd negative tilbakemeldingar fordi ho har eit namn som skil seg frå tradisjonelle norske namn, eller at ho har ei anna bakgrunn enn fleirtalet i det norske arbeidslivet.

– Men eg opplevde at det var eit problem at eg ikkje kunne snakke så godt norsk. Eg trur at eg ville kome inn til fleire intervju, om eg hadde vore betre i språket. Men det var også lite jobbar i lokalmiljøet, samtidig som det var pandemi, seier ho.

I tillegg til å lære språket godt, rår ho folk som søker etter jobb, til å bruke nettverket sitt.

– Ta kontakt med personar du kjenner, eller gå til bedrifter der nokon veit kven du er. Det trur eg er lettare, enn om ein forsøker seg på ein heilt ukjend plass, seier ho.

– Den som er norsk vil få jobben
NETT NO fortalde nyleg om Hina Zahid frå Pakistan, som er utdanna siviløkonom på NTNU i Ålesund. Likevel slit ho med å få relevant jobb, og jobbar deltid på McDonalds.

Jeya Balasundaram opplever også at folk med utanlandsk bakgrunn stiller bak i køen, når dei konkurrerer om jobbar med innfødde nordmenn.

– Om eg og ein norsk person søkjer på same jobb, så stiller vi ikkje på same nivå. Den som er norsk vil få jobben, seier ho.

Elektroingeniøren meiner det ikkje er rett at det skal vere slik, og at arbeidsgivarar bør sjå meir på erfaring og utdanning, enn namn eller bakgrunn.

Ho trur likevel er det er ei vanskeleg utfordring å få bukt med: - Slik trur eg det er i alle land, seier ho.

Publisert: 24.01.2023 08:50

Sist oppdatert: 25.01.2023 00:26

Mer om