NPK: Ungdommens distriktspanel er eit nyleg oppretta panel sett saman av ti ungdommar frå forskjellige fylke. Dei skal gi råd til regjeringa om distriktspolitikken i framtida.
Ungdommane i panelet kjem frå Båtsfjord i nord til Søgne i sør, og møttest for første gong saman med statsminister Erna Solberg fredag.
– Det er ungdommane som skal leie Norge i framtida, og desse ungdommane veit korleis det er å vekse opp i distrikta. Eg er heilt sikker på at dei har gode råd å gi oss, og eg ser fram til å bli utfordra, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding.
Panelet er eitt av fleire tiltak som vart lansert i samband med stortingsmeldinga Levende lokalsamfunn for fremtiden.
– Mange lokalsamfunn opplever at unge som flyttar ut for å skaffe seg utdanning aldri kjem tilbake igjen. Det gjer det vanskeleg å halde fram med gode, lokale velferdstilbod i framtida. Vi har derfor bede om råd frå dei unge når vi nå skal forme ut politikken, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i pressemeldinga.
Distriktssenteret, eit kompetansesenter for distriktsutvikling, skal legge til rette for panelet.
Ein av deltakarane er Marthe Øijord som kjem frå ei bygd på Helgelandskysten.
– Eg utdannar meg innanfor fiskeri- og havbruksnæringa og ser kor viktig det er at slike jobbar blir tatt på alvor, for slike jobbar har vi berre i distriktet, seier ho.
Dei ti paneldeltakarane er i alderen 14–22 år, og kjem frå Båtsfjord i Troms og Finnmark, Meløy i Nordland, Røyrvik i Trøndelag, Averøy i Møre og Romsdal, Sogndal i Vestland, Eigersund i Rogaland, Søgne i Agder, Fyresdal i Vestfold og Telemark, Ål i Viken, og Gran i Innlandet.

Publisert: 18.01.2020 08:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30