Kort fortalt

Uroa for ferjetryggleiken

Reiarlaga vil ha redusert mannskap.

07.01.2020
NPK: Tilsette på ferjer er uroa for at den varsla nedbemanninga vil føre til at dei ikkje klarer å handtere redningsutstyr og evakuering.
Etter at ferjene har blitt oppdatert med ny teknologi som automatisk billettsystem og nye tryggleikssystem er det ikkje bruk for eit like stort mannskap på ferjene lenger, meiner reiarlaga. Tilsette er no redd nedbemanninga vil gjere dei mindre rusta for krisesituasjonar, skriv NRK.
Sjøfartsdirektoratet har fastsett eit minimumskrav til bemanning som skal sikre sikker drift av skip basert på blant anna storleik på skip og passasjertal. Det norske maskinistforbundet meiner at minimumskrava ikkje er sikre nok, og at ei bemanning på det nivået vil gå utover tryggleiken.
– Det verste som kan skje om bord i ei ferje er grunnstøyting eller brann. I begge tilfelle ender det med evakuering. Er vêret dårleg i tillegg, er det den største bekymringa, seier Jarl Gunnar Faksvåg, leiar i Det norske maskinistforbund, til NRK.
Administrerande direktør i Fjord 1, Dagfinn Netland, er usamd i at nedbemanninga vil gå utover tryggleiken.
– Den teknologien vi har i dag gjer at evakueringssystem om bord i ferjene blir betre og enklare. Det er naturleg at det påverkar bemanninga, svarer Netland til NRK.
I Fjord 1 har 40 tilsette fått varsel om at dei blir omplasserte.

(©NPK)


Publisert: 07.01.2020 14:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31