NPK: Handelen har stupt for mange butikkar dei siste dagane, og butikkeigarar i distrikta fryktar for økonomien.
Butikkeigarar har snakka med, fortel at handelen har stupt frå normal handel og nesten ned mot null dei siste dagane, grunna koronatiltak.
– Vi er avhengige av omsetnad for å kunne drive. No er vi i dialog med leverandørar om å få stogga vareflyten for ei stund, seier butikkeigar Øystein Skinlo til NRK. Han er ein av fleire butikkeigarar kanalen har snakka med som opplever stor nedgang i salet. Mange fryktar konkurs.
I krisepakken partia på Stortinget presenterte måndag, er det bestemt at staten betaler lønn for permitterte frå dag to og i 18 dagar. Det vil gi tilsette eit pusterom, men ikkje erstatte tapt butikkinntekt, fryktar Skinlo.
Trass i dårleg omsetning fortel han om kundar som kjøper framtidsgåvekort for å hjelpe butikken med å gå rundt.
Administrerande direktør i Virke, Ivar Horneland Kristensen seier at svara frå politikarane dei siste dagane har hjelpt noko, og at dei no må sjå på korleis dette vil virke i praksis.

(©NPK)
Publisert: 17.03.2020 14:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29