NPK-NTB: Det er ingen tydelege effektar av koronakrisa i norsk import og eksport, viser tal frå SSB. Unntaket er fiskeeksport.
For dei to første vekene i mars låg eksporten på omtrent same nivå som for dei same vekene i 2019, ifølgje Statistisk sentralbyrås (SSB) tal frå 15. mars.
Den samla eksportverdien for varer som er undersøkte, gjekk noko opp frå veke ti til veke elleve.
Fisk er ein av få varegrupper der ein kan sjå ein mogleg koronaeffekt i eksporten.
– Samla sett har eksportverdien for fisk halde seg ganske stabil dei siste vekene, med ein antydning til auke, men eksporten til Kina og Italia har gått kraftig ned, skriv SSB.

Publisert: 25.03.2020 09:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29