Guleslettene vinter foto zephyr
VINDKRAFT: NVE anslår at utbygginga av fornybar kraft sender norske kraftprisar ned. Illustrasjonsfoto: Zephyr
Kort fortalt

Utbygging gir billigare straum på sikt

Meir fornybar kraft vil gjere at kraftprisane fell, meiner NVE.

10.10.2024

(NPK-NTB): Ei sterk utbygging av fornybar kraft både i Noreg og landa rundt oss dei neste tiåra bidreg til at norske kraftprisar fell på lang sikt, anslår NVE.

– Vi forventar at den gjennomsnittlege kraftprisen skal auke noko fram mot 2030, for deretter å falle gradvis i åra fram mot 2050, seier direktør Kjetil Lund i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Han peikar både på planane til Noreg og i andre land om å byggje svært mykje fornybar kraft. Fordi det skjer samtidig som fossil kraftproduksjon blir fasa ut, kjem prisane på gass, kol og utsleppskvotar til å bety mindre.

Og det er denne utviklinga som kjem til å presse ned kraftprisane, ifølgje NVE.

NVEs analyserer av korleis kraftsystemet i Europa og Norden kjem til å utvikle seg framover, tek utgangspunkt i vedtekne verkemiddel og grunnleggjande drivarar på lang sikt.

Lund tek atterhald om at mykje kan endre seg, men trur at NVEs analyse kan gi ein peikepinn på korleis utviklinga kan bli på sikt.

(©NPK)

Publisert: 10.10.2024 13:46

Sist oppdatert: 10.10.2024 14:01

Mer om