Hurtigbåtverftet Brødene Aa har hamna i store vanskar etter at Norled kansellerte kontraktane på tre hurtigbåtar. Kontrakten på 420 millionar kroner frå 2023 er den største verftet har inngått, men har no blitt ei økonomisk hovudpine.
Brødrene Aa arbeider for å får seld dei tre båtane, og har ein avtale med Fjord1, hurtigbåtreiarlaget Rødne og Sparebanken Sogn og Fjordane som finansiere drift inntil ei løysing er funnen.
Den første fristen for å kome i mål og unngå permitteringar var 9. mai, den andre gjekk ut i dag, fredag 16. mai. No er fristen flytta til fredag 23. mai, skriv Firda Tidend.
Les også
Hurtigbåtverftet er i samtalar med fleire moglege kjøparar, seier styreleiar i Hyen-selskapet.
Geiranger Fjordservice er mellom aktørane i dialogen som skal sikre vidare drift for verftet.
Reiarlaget har to fartøy under ombygging og ei kontrakt på nybygg hos Brødrene Aa.
Brødrene Aa ser etter andre kjøparar av båten som Norled har varsla reiarlaget vil kansellere.
Permitteringane skuldast at Norled varslar at reiarlaget vil kansellere kontrakt.
Publisert: 16.05.2025 18:16
Sist oppdatert: 16.05.2025 18:16






