Kort fortalt

Utsette småbedrifter

Fire av ti fryktar konkurs.

19.03.2020
NPK-NTB: Fire av ti småbedrifter meiner det kan ende i konkurs dersom situasjonen ikkje betrar seg før sommaren, viser ei undersøking.
Over tusen bedrifter svarte på undersøkinga, som medlemsorganisasjonen for små og mellomstore bedrifter SMB står bak. Undersøkinga vart gjennomført tysdag og onsdag denne veka, altså etter at Stortinget vedtok krisepakken for norsk næringsliv.
– Denne undersøkinga forsterkar inntrykket av at det no er full krise i Bedrifts-Noreg. Det er ein reell fare for at vi vil sjå eit ras av nye konkursar i vekene og månadene som kjem, seier SMBs administrerande direktør Olaf Thommessen.
Han kallar krisepakken ein god start, men seier det er behov for mykje meir i vekene og månadene som kjem.
Meir enn kvar sjette bedrift svarte at den økonomiske situasjonen blir verre om éin månad. Éin av fire svarer at dei har vanskar med å betale anten avgifter, lønn eller kostnader for lokale.

Publisert: 19.03.2020 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29