Kort fortalt

Utviklar framtidas hurtigbåtar

Ingen frå nordvest er med.

NPK
31.01.2023

Kystfylka samarbeider om å utvikla miljøvenlege hurtigbåtar. Fire leverandørar er med vidare i prosjektet. Det er ESNA i Kristiansand, LMG Marin i Bergen, SES-X i Oslo og Transportutvikling i Narvik.

Vestland, Nordland, Troms og Finnmark og Trøndelag held på med eit samarbeidsprosjekt der målet er å utvikla energieffektive hurtigbåtar med nullutslepp. Båtane må kunna gå like fort dagens hurtigbåtar, og på dagens samband. Prosjektet er no inne i sin tredje fast og fire leverandørar er med vidare. Alle har testa modellar av båtane sine.

– Dette er teknologi som vil bli etterspurt globalt, med ein enorm marknad. At me har fire svært spennande prosjekt som det blir jobba vidare med, vil gi norsk maritim teknologi eit løft, og kan bli eit av svara på verda store klimautfordringar, seier Vestland fylkeskommune sin representant i styringsgruppa, Jostein Fjærestad, i ei pressemelding.

Publisert: 31.01.2023 05:16

Sist oppdatert: 31.01.2023 05:18