Kort fortalt

Uvanleg mykje makrell på Vestlandet

Mykje ungfisk samla i fjordane.

06.01.2021
NPK: Fleire kystfiskebåtar drog opp tonnevis med makrell på Vestlandet i slutten av desember, nærare bestemt i Austfjorden utanfor Bergen.
For forskingssjef Aril Slotte ved Havforskingsinstituttet kjem ikkje «julefisket» som noko større sjokk.
– Uvanleg ja, men ikkje overraskande. Dette er ungfisk som vi typisk finn i Nordsjøen og langs sørlege norskekysten om sommaren når den vaksne fisken er langt nord i Norskehavet og beitar. At dei no om vinteren har samla seg i fiskbare mengder på ein stad, er meir tilfeldig, men at det er ung makrell er forventa, seier han til .
Makrellen, som ligg på mellom 200 og 250 gram, er truleg vaksen opp i Nordsjøen og i norske, kystnære område.
Denne makrellen vil typisk endre vandringsmønster til sommaren. Då søkjer han ut i Norskehavet og ein høgare vekstauke. Til hausten vil han truleg overvintre rundt Shetland, saman med den eldre makrellen.

Publisert: 06.01.2021 16:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23