NPK: Vindkraftmeldinga med nye krav til konsesjonar i vindkraftutbygging blei behandla i Stortinget tysdag. Kommunane får det som blir omtalt som vetorett i vindkraftsaker, men kva som ligg i omgrepet er usikkert.
– Vi gir kommunane det eg meiner er ein vetorett. Om det ikkje ligg føre ei planavklaring frå ein kommune, så får ein ikkje starte konsesjonsbehandlinga, seier Terje Halleland (Frp) til
Det er Frp som har forhandla fram fleire av endringane saman med regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre.
Men i innstillinga frå energi- og miljøkomiteen kan ein lese at vetoretten ikkje er «absolutt».
«Kommunenes innsigelseskompetanse skal videreføres, men en absolutt vetorett for kommuner lar seg ikke forene med et konsesjonssystem der også nasjonale og regionale hensyn vektlegges», heiter det i innstillinga.
Olje. og energiminister Tina Bru meiner kommunane ikkje får ein reell vetorett, men heller ein vetorett i praksis.
– No må prosjekt få ei planavklaring hos kommunane for å gå vidare i konsesjonsprosessen. Så om ein kommune ikkje gjer ei planavklaring, så blir det vanskeleg å gå vidare, seier ho til Nationen.

Publisert: 02.12.2020 13:03
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:09