NPK: Valdgiftsretten har "i det vesentlege" gitt Havforskingsinstituttet medhald i valdgiftssaka mot det italienske verftet Fincantieri, skriv Havforskingsinstituttet på nettsidene sine.
Fincantieri har stått for bygginga av det nye forskingsfartøyet Kronprins Haakon, som kom til Noreg rett før nyttår i fjor, halvtanna år forseinka. I mars vart partane einige om at styresmaktene i Noreg overtar eigarskapen av skipet før tida, og at Vard Langsten i Romsdal fullfører utrustinga av skipet.
Havforskingsinstituttet har elles halde tilbake 25 millionar euro av kontraktssummen på om lag 175 euro. Dommen i valdgiftssaka fekk dei 6. april.
– Vi registrerer at valdgiftsretten i det vesentlege har gitt Havforskingsinstituttet medhald. Dommen er omfattande, og vi vil no bruke den nærmaste tida til å gå gjennom og vurdere denne. Det vil derfor ikkje vere rett å kommentere resultatet eller premissane ytterlegare no, seier prosjektdirektør Tore Nepstad i Havforskingsinstituttet.
Når Kronprins Haakon omsider er ferdig i juni, overtar Norsk Polarinstitutt isbrytaren, som blir eitt av dei mest avanserte forskingsfartøya i verda.

Publisert: 12.04.2018 08:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39