Kort fortalt

Vanskeleg marknadssituasjon for kveite

Ber fiskeflåten redusere fisket.

21.10.2020
(NPK): Norges Råfisklag ber fiskeflåten om å redusere direktefisket etter kveite, samtidig blir prisen på fisken redusert.
På grunn av ein krevjande marknadssituasjon er avsetninga av kveite vanskeleg, .
Norges Råfisklag ber difor fiskeflåten om å redusere direktefisket etter kveite for å avgrense tilførslane i dialog med fiskeindustrien.
Etter førespurnader frå kjøparorganisasjonane har Noregs Råfisklag vedteke reduksjon av dei tre største vektklassane for kveite med fem kroner per kilo frå 20. oktober. Minsteprisen for kveite under 20 kilo blir vidareført.
(©NPK)

Publisert: 21.10.2020 11:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24