Kort fortalt

Varmt vatn kan skade laksen

Avlusing i varmt vatn kan vere smertefullt viser forsking.

16.04.2018
NPK-NTB: Dei siste åra har fjerning av lakselus ved å legge laksen i varmt vatn blitt vanlegare. Ny forsking viser at laksen kan få alvorlege skadar av metoden.
Termisk avlusing blir stadig meir brukt for å fjerne lakselus. I 2014 vart det gjennomført tre termiske behandlingar, mens det i fjor vart gjennomført 1.308 slike behandlingar. Metoden er i dag den vanlegaste forma for ikkje-medikamentell behandling av laks og regnbogeaure mot lakselus.
Ved termisk avlusing blir fisken halden i vatn på 28–34 grader i 30 sekund, men i ein ny fagartikkel i Norsk veterinærtidsskrift kjem det fram at laksen kan ta skade av denne behandlinga.
– Det er registrert auka døying etter slik behandling, seier Trygve T. Poppe, som er ein av forfattarane av artikkelen, i ei pressemelding.
Artikkelen dokumenterer at det er registrert alvorlege skadar på fisken etter at den har vore utsett for termisk avlusing. Sannsynet er også høgt for at metoden er smertefull for fisken, ifølgje forfattarane.

Publisert: 16.04.2018 12:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39