Kort fortalt

Vedum nektar å snu

– Det blir grunnrenteskatt.

10.11.2022

(NPK-NTB): Fleire lakseselskap sende permisjonsvarsel onsdag, men finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) står på at det skal innførast grunnrenteskatt som planlagt.

– Det blir grunnrenteskatt. Vi meiner oppdrettsselskapa kan bidra meir til fellesskapet, seier Vedum til VG.

Onsdag varsla oppdrettsselskapa Lerøy og Romsdal Processing at dei vil permittere over 400 tilsette til saman. Dei skuldar på skattepakken til regjeringa frå september, som innfører ein ny grunnrenteskatt for havbruksnæringa.

– Nokre av dei store selskapa har enorme overskot, og det kjem til å bli ein grunnrenteskatt. Lokalsamfunn kjem til å sitje igjen med meir pengar, kystfylke kjem til å sitje igjen med meir pengar, og vi kjem til å prioritere at folk som tener mindre enn 750.000 får lågare skatt, seier finansministeren.

(©NPK)

Publisert: 10.11.2022 12:49

Sist oppdatert: 11.11.2022 08:55

Mer om