Kort fortalt

Veidekke satsar på hydrogenskip

Skal frakte asfalt og stein.

27.01.2021
NPK: Entreprenørselskapet Veidekke skal i samarbeid med Grønt skipsfartsprogram byggje to hydrogendrivne lasteskip for asfalt, pukk og grus.
Veidekke er klar over at asfaltering fører til store utslepp av CO2, og det gjeld ikkje minst sjøtransporten fram til der asfalten skal leggjast.
Når dei nye skipa er realisert, kan det vesentlegaste av desse utsleppa bli fjerna, skriv selskapet i ei pressemelding.
Ifølgje avtalen tek Veidekke sikte på å få til ein kontrakt om bygging og drift av dei to skipa gjennom hausten. Det er snakk om to sjølvlossande, hydrogendrivne og allsidige bulkskip, kvart skip på 3000 dødvekttonn.
– Dette er ei tydeleg melding til verft, reiarlag, vareeigarar og styresmakter om at vi er på rett veg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Veidekke er den største asfaltentreprenøren i Noreg, og selskapet transporterer årleg rundt ein million tonn asfalt, pukk og grus langs norskekysten. Transporten i dag går føre seg med i stor grad små og gamle skip.

Publisert: 27.01.2021 17:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23