Arctic Bioscience fabrikk Christer Valderhaug Ill Arctic Bioscience Christer Valderhaug
FABRIKKPLANAR PÅ IS: Planane til Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug og dei andre i selskapet om ein fabrikk i Hovdebygda er lagt på is. Det same er no planane om å opprette ei produksjonslinje her. Foto/illsutrasjon: Arctic Bioscience/Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Ventar med produksjonslinje i Hovdebygda

Arctic Bioscience vil sjå an resultat frå studie. Nytt børsfall onsdag.

Marius Rosbach
16.10.2024

Onsdag hadde Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug hadde ein presentasjon i samband med at selskapet har lagt fram dei første resultata frå ein internasjonal studie for eit middel mot hudsjukdomen psoriasis.

Der kom det mellom anna fram at selskapet ventar med å sette opp ei planlagt produksjonslinje ved lokala i Hovdebygda. 

Selskapet viser til at dei vil vente til den vidare utviklinga for det dei håpar skal bli eit godkjent legemiddel. 

Arctic Bioscience hadde opphavleg ein plan om å bygge ein ny fabrikk, men desse planane blei sett på vent allereie i 2022. 

Aksjekursen fall kraftig etter at det blei kjent at funna viste ein positiv effekt for deira middel, men at dei også fekk ein overraskande placebo-effekten som gjorde at studien ikkje ga den avklaringa Arctic Bioscience hadde håpa på.

Valderhaug fortalde til Nett No tysdag at dei håpte å få gode resultat allereie i januar/februar, når studien blir avslutta. 

Undersøkinga er den første av to større studier selskapet må gjere for å kome dit. 

Arctic Bioscience-kursen falt vidare onsdag. Ved 15-tida var kursen ned over 17 prosent til 2,40 kroner. 

Publisert: 16.10.2024 14:49

Sist oppdatert: 16.10.2024 14:49

Mer om