Karita Bekkemellom Legemiddelindustrien Ole Arne Eiksund Arctic Nutrition foto Ogne
MANGLAR LEGEMIDDEL: Dåverande Arctic Bioscience-sjef Ole Arne Eiksund saman med administrerande direktør Karita Bekkemellom i Legemiddelforeningen i 2018. Då blei selskapet tatt opp som medlem i Legemiddelforeningen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Arctic Bioscience fall vidare

Ny tøff dag for selskapet som har bestemt seg for å vente med planlagt produksjonslinje.

16.10.2024

Etter eit fall i aksjekursen på over 77 prosent tysdag, fell Arctic Bioscience vidare onsdag.

Ved slutten av dagen hadde aksjen falle med drygt 22 prosent i løpet av dagen til 2,24 kroner. 

Det er ny botnrekord for aksjen som mandag ettermiddag hadde ein kurs på 13 kroner aksjen.

Klokka 12 hadde selskapet ein presentasjon på nett, der studien og status for selskapet var tema. Den viste mellom anna at selskapet ventar med å sette opp ei planlagt produksjonslinje ved lokala i Hovdebygda. 

Sjå presentasjonen i opptak her (ekstern lenke)

Også Atlantic Sapphire fall kraftig onsdag av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet. Ved slutten av dagen var kursen om lag halvert i løpet av dagen til under ti øre aksjen. 

Hovudindeksen på Oslo børs fekk en liten opptur med ei auke på 0,25 prosent til 1441,83 poeng. 

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Det er børsmeldinga mandag kveld som er årsaka til kursfallet Arctic Bioscience. Den fortalde dei første resultata frå den store internasjonale studien av eit potensielt legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis. 

Middelet er basert på silderogn, og ei godkjenning som legemiddel kan gi selskapet innpass i legemiddelbransjen. Der er lønsemda potensielt betre enn i helsekostmarknaden, der Arctic Bioscience er i dag.

Problemet for Arctic Bioscience er at sjølv om studien viste positive resultat hos forsøkspersonane viste den også mange positive resultat hos dei forsøkspersonane som var testa med eit middel utan Arctic Bioscience sitt virkestoff. 

Dermed kan det ikkje konkluderast med at Arctic Bioscience sitt middel har den effekten som selskapet håpa på.

Den medsinske studien starta i vinter og skal vare eitt år. Det kan hende konklusjonen til slutt blir som Arctic Bioscience hadde håpa, men aksjekursutviklinga tyder ikkje på at aksjespekulantane har trua på det.

I tillegg kjem truleg at dei førebelse resultatat av studien skaper uvisse om Arctic Bioscience no må gjere ytterlegare investeringar i testar og utvikling - og eventuelt kor mykje meir kapital då treng.

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Havila Kystrutenkr                   0,72 1,85 %
Hexagon Compositeskr                39,90 1,27 %
Havila Shippingkr                   3,40 1,04 %
Sparebanken Mørekr                84,30 0,37 %
Romsdal Sparebankkr
122
               0,00 %
Endúrkr                56,40 -0,18 %
Norva 24 Group*kr
30,10
-0,33 %
Hav Groupkr                   8,70 -0,46 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                27,00 -1,46 %
Salmon Evolutionkr                   6,63 -1,49 %
Hofseth Biocarekr                   1,54 -3,14 %
Hexagon Puruskr                   7,61 -4,40 %
Arctic Biosciencekr                   2,24 -22,76 %
Atlantic Sapphirekr                   0,10 -52,10 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 16.10.2024 10:48

Sist oppdatert: 16.10.2024 16:51

Mer om