NPK-NTB: I 2019 vart styringsrenta heva tre gonger. Det skjer ikkje i 2020, meiner økonomar Dagens Næringsliv har snakka med.
Dei 15 økonomane er samde om at styringsrenta vil vere den same ved utgangen av 2020 som ho er no. Det er godt nytt for folk som har lån, medan dei med sparepengar i banken taper på det, skriv .
Det er to grunnar til trua på ei uendra styringsrente: lågare vekst i Noreg og politisk og økonomisk uvisse internasjonalt.
– Medan 2019 var året der handelspartnarane våre bremsa opp, medan norsk økonomi heldt god fart, kan 2020 bli året der veksten her heime minkar samtidig som han tar seg opp der ute, seier seniorøkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken.
Han peikar på at den politiske risikoen internasjonalt er redusert med ein delvis handelsavtale mellom USA og Kina og ein overbevisande siger til Boris Johnson.
Noregs Banks hovudstyre vedtok i desember å halde styringsrenta uendra på 1,5 prosent.

Publisert: 30.12.2019 08:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31