Kort fortalt

Verft-kommune dårleg budd på pandemien

Rapport frå Folkehelseinstituttet. 

22.10.2020
(NPK-NTB): Hyllestad kommune sleit med å føre oversikt over koronatilfelle og nærkontaktar, viser ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet (FHI).
90 av dei rundt 1.300 innbyggjarane i kommunen vart koronasmitta i slutten av september. Utbrotet var knytt til verftet Havyard. 800 personar vart sette i karantene. For den vesle vestlandskommunen vart det vanskeleg å få oversikt over omfanget av utbrotet, skriv FHI, ifølgje .
– Under utbrotet i Hyllestad har det vore manglande systematisk oversikt over tilfelle og nærkontaktar, konkluderer FHI.
Mellom anna vart det ikkje ført tilstrekkeleg oversikt over når smitta vart testa og først opplevde symptom. Det fanst heller ikkje noka liste over personar i isolasjon og karantene.
– Ein del kommunar er nok ikkje godt nok førebudde, seier overlege i smittevern og beredskap ved FHI, Ernst Kristian Rødland, éin av dei tre som står bak rapporten.
(©NPK)

Publisert: 22.10.2020 08:59

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:11