Kort fortalt

Vestland gir akutthjelp til næringslivet

Løyver 22,2 millionar kroner.

27.03.2020
NPK: Vestland fylkeskommune løyver 22,2 millionar kroner til næringslivet i fylket for å hjelpe bedrifter å komme gjennom koronakrisa.
– Midlane som vi no har vedteke å sette inn, er akutt-tiltak for å hjelpe der det trengst mest. No er jobben vår å sikre at vi får mest mogleg effekt ut av kvar krone, samstundes som vi legg planar for korleis vi skal jobba på lengre sikt, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding.
Det var under eit møte i Vestland fylkesutval at vedtaket om ei rekke tiltak for å dempe konsekvensane av koronaepidemien blei fatta.
Fylkesutvalet løyvde 22,1 millionar kroner til tiltak for reiseliv og liknande næringar, leverandørindustrien innan olje og gass, små- og mellomstore bedrifter, bedrifter i startfase og tiltak retta direkte mot bedrifter gjennom avtale med Innovasjon Noreg. Også kulturlivet får stønad frå fylkeskommunen.

Publisert: 27.03.2020 09:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29