Kort fortalt

Vestnes-firma med avdeling i Hareid

Ville nærare den maritime klynga.

31.01.2020
Frå årsskiftet etablerte Vestnes-bedrifta Maritime Construction Partner (MPC) seg i den store verkstadhallen i Hjørungavåg i Hareid, melder .
15-20 arbeidarar vil jobbe i den store industrihallen som Kongsberg Maritime og tidlegare Rolls-Royce Marine leigde – og som i stor grad har vore tom den siste tida. Ifølgje avisa vil det vere en kombinasjon av tidlegare og nye tilsette.
– Vi har ikkje vore på denne sida av Sulafjorden før, men i takt med at verksemda vaks, blei det meir og meir interessant å søkje sørover. Vi ønskte å treffe marknaden innanfor vår bransje på Søre Sunnmøre – og såg på ei etablering her sør som ideell, fortel dagleg leiar og eigar, John Arve Sundet, til avisa.
Satsinga utgjer den største enkeltinvesteringa til selskapet nokon gong.

Publisert: 31.01.2020 08:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30