Kort fortalt

Vi feilsorterer metall

27 prosent hamnar i feil boks.

09.11.2020
NPK: Heile 27 prosent av det som blir levert i innsamlingsboksane for metallemballasje er feilsortert metall.
Det syner ein plukkanalyse av glas- og metallinnsamlingane gjennomført av Mepex på vegner av Norsk Metallgjenvinning AS og Sirkel Glass.
Av avfallet som ikkje skal leverast i boksane finn ein blant anna verktøy, spiker, steikjepanner og bestikk.
– I innsamlinga for metall skal det berre leverast emballasje. At nesten ein tredjedel av det som blir sortert ikkje er emballasje er eit problem, seier prosjektleiar Blair Malcolm i Norsk Metallgjenvinning AS i ei pressemelding.

Publisert: 09.11.2020 09:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24