Kort fortalt

Vi handla meir

Mykje handel i november.

27.12.2022

Omsetninga i detaljhandelen auka med 0,9 prosent frå oktober til november i år, viser sesongjusterte SSB-tal. Månaden før var det ein nedgang på 0,2 prosent.

November har som regel vore ein vekstmånad for detaljhandelen dei siste åra. Dette kan vere knytt til vriding av den tradisjonelle julehandelen frå desember til november, og store tilbodskampanjar som Black Friday og Black Week, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Dei fleste næringane i detaljhandelen hadde vekst i det sesongjusterte omsetningsvolumet frå oktober til november. Det største bidraget til den samla veksten kom frå sal av drivstoff, som hadde ein oppgang på 3,4 prosent frå oktober til november, seier seniorrådgivar Anders Falla Aas.

Det var ein auke i omsetningsvolumet for bensinstasjonar, og ifølgje SSB kan lågare prisar i same periode vere med på å forklare omsetningsveksten.

– Elektronikkbutikkar, sportsbutikkar og netthandel bidrog også til veksten denne månaden. Noko av auken i november for desse næringane kan komme av at fleire er tidleg ute med julehandelen i november, seier Anders Falla Aas.

Sesongjustert omsetningsvolum for daglegvarehandelen var uendra i november, og det har lege stabilt sidan august.

Publisert: 27.12.2022 08:59

Sist oppdatert: 27.12.2022 09:00