Kort fortalt

Vi vil jobbe lenger

Ein av tre vil jobbe til 70.

03.03.2020
NPK-NTB: Arbeidslysta blant seniorar aukar. Kvar tredje seier dei vil jobbe til dei er 70, og dei som står i jobb er ikkje meir slitne enn yngre, viser ny undersøking.
Forskarane Katharina Herlofson og Tale Hellevik ved Oslomet seier til at det er interessant at funna bryt med konklusjonen frå djupneintervju med bedriftsleiarar frå ulike bransjar.
Dei to har studert data frå Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon ( ), som omfattar meir enn 6.000 personar mellom 50 og 95 år.
Analysar av materialet viser at arbeidstakarar mellom 67 og 75 i hovudtrekk verkar svært engasjerte. Meir enn 40 prosent av dei har arbeidsveker på over 40 timar.
Sjølv om fleire seniorar vil stå i jobb, har halvparten likevel forlate yrkeslivet når dei er 65. 80 prosent er borte når dei er 70, medan berre 10 prosent er igjen når dei er 74.
Blant dei som jobbar frå dei er 67 til dei er 74, er over ein tredel sjølvstendig næringsdrivande. Forskarane konkluderer mellom anna med at indre motivasjon er viktigare enn ytre omstende for seniorane, og at det som gir motivasjon, er kjensla av å vere ønskt.

Publisert: 03.03.2020 19:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30