Rederiet Topaz Marine i Dubai får levert sine to første ankerhandteringsskip med diesel-elektrisk framdriftssystem frå Stadt AS.
Topaz får i desse dager levert skipa. Reiarlaget har frå før 90 skip i si flåte, og Hallvard Slettevoll, direktør i Stadt, ser på kontrakta som svært viktig for selskapet ifølgje ei pressemelding.
- Stadt-teknologien er unik ved at den er utvikla med Lean tankegang, noko som vert meir og meir påakta i mange samanhengar i desse dagar, uttalar Slettevoll.
Stadt Lean Propulsion fører til svært lave drivstoffutgifter, lave miljøutslepp, sikker og kostnadseffektiv drift av skipa over ei lang levetid.
Ein ny film er no lansert om Lean Propulsion. Den kan no sjåast på sine nettsider.
Meir enn 30 skip brukar i dag Stadt sin patenterte Lean -teknologi som framdriftsystem i skipa, som no seglar på alle hav.

Publisert: 09.04.2018 18:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39