Kort fortalt

Vil auke rekrutteringa til matbransjen

Utval skal gi gode råd.

18.01.2020
NPK: Regjeringa set no ned eit rådgivande utval for å identifisere moglege tiltak for å auke rekrutteringa til mat- og måltidsbransjen.
Det er Grete Ingeborg Nykkelmo, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge, som skal leie utvalet. Med seg får ho representantar frå skoleeigarar/fylkeskommunen, matindustrien, restaurantar og storkjøkken, og lokalmat- og reiselivsbransjen.
Mandatet er å identifisere dei viktigaste utfordringane knytt til langsiktig rekruttering av god og relevant kompetanse gjennom verdikjeda for mat. Utvalet skal analysere kompetansebehovet for dei neste 10–15 åra, vurdere potensialet framover og foreslå tiltak. Utvalet skal kome med ein rapport i desember i år.

Publisert: 18.01.2020 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30