Kort fortalt

Vil byggje opp att kysttorsken

Ber om fleire nye tiltak.

30.10.2020
NPK: Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen ber Fiskeridirektoratet sjå på fleire tiltak for å byggje opp kysttorsken i nord.
– Kysttorsken er under press. Vi ønskjer å byggje opp bestanden, og derfor ber eg no Fiskeridirektoratet sjå nærmare på kysttorskvernet i nord, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.
Havforskingsinstituttet la i vår fram ein ny rapport om kysttorsken i nord. Forskarane kjem her med ei rekke forslag til korleis bestanden kan byggjast opp att.
I samband med høyringa av neste års reguleringar for torsk, hyse og sei ber fiskeri- og sjømatministeren at Fiskeridirektoratet vurderer desse tre tiltaka:
* Reduksjon av kystfiske etter torsk om hausten.
* Stramme inn regelverket for fiske innanfor fjordlinjer, ved å vurdere grensa for fartøylengde og bruk.
* Stenging av felt der kysttorsk dominerer.
Nærings- og fiskeridepartementet vil vurdere resten av tiltaka i rapporten, etter at desse er ferdig utgreidde av Fiskeridirektoratet
Fjordlinjer vart opphavleg oppretta for å beskytte kysttorsken. Dei skal også beskytte den mindre flåten mot konkurranse frå større fartøy i fisket langs kysten. I dag kan båten vere 15 meter lang.
Grunnlinja går mellom dei ytste nes og skjer som stikk opp over havet ved lågvatn. Fartøy over 21 meter skal i utgangspunktet fiske torsk utanfor grunnlinja. I nokre periodar og område får dei likevel lov til å fiske nærmare kysten.
– Av omsyn til den minste flåten ber eg direktoratet sjå nærmare på unntaket innanfor grunnlinja og på avgrensingar på bruk og båtlengde for å kunne fiske innanfor fjordlinjer, seier Ingebrigtsen.

Publisert: 30.10.2020 22:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24