Vil endre importreglar for matvarer
Konkurransetilsynet ber regjeringa lempe på importvernet.
(NPK-NTB): Konkurransedirektør Tina Søreide meiner det kan vere unødvendig dyrt og importere somme varer til Noreg, og ønskjer at regjeringa gjer fleire endringar.
– Det er ikkje norsk landbruk vi vil til livs, men vi meiner det er meir som kan gjerast med import, seier Søreide til E24.
Overfor avisa legg ho fram fleire forslag som vil gjere det rimelegare å importere matvarer til Noreg. Mellom anna ønskjer Søreide at ein forenklar tollreglane for diverse varer.
Konkurransetilsynet anerkjenner at importvernet er nødvendig for å kunne verne landbruket slik ein ønskjer, men er samtidig klar på at det har visse negative effektar:
Både at det svekkjer konkurransen på leverandørleddet og at det reduserer moglegheita utanlandske kjeder har til å ta i bruk eigne merkevarer ved etablering i Noreg.
– Målet må jo vere å sjå at det kjem utanlandske aktørar inn som kan konkurrere med dei etablerte. Å redusere etableringshinder er ofte den beste og raskaste måten for å styrkje konkurransen i ein marknad, seier konkurransedirektøren til avisa.
(©NPK)
Publisert: 23.01.2023 23:14
Sist oppdatert: 23.01.2023 23:17