Kort fortalt

Vil ha blindeskrift på matvarer

Det meiner fleirtalet.

04.01.2021
NPK-NTB: Nesten seks av ti meiner det bør komme krav om punktmerking av matvarer, ifølgje ei undersøking gjennomført for Noregs Blindeforbund.
Samtidig meiner tre av fire at det er viktig at produkt som kan vere farlege – vaskemiddel og kjemiske produkt – blir merka med punktskrift. Nesten åtte av ti meiner at viktig offentleg informasjon òg må komme i punktskrift, kjem det fram av undersøkinga, som er utført av Ipsos.
– Ønskjer vi oss eit samfunn kvar personar som er blinde eller har sterkt nedsett syn skal kunne delta på lik linje med alle andre, er vi nøydde til å få punktskrift på produkt og kunne tilby informasjon tilgjengeleg i punkt, seier Sverre Fuglerud, seksjonsleiar for samfunnskontakt i Blindeforbundet.
Måndag 4. januar er FNs internasjonale dag for punktskrift, og i samband med dette har Blindeforbundet bede om eit møte med landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF). Der vil dei stille krav om punktmerking av daglegvarer.
– Det er jo kjekt å vite om det er mjølk eller jus ein heller over havregrauten, seier Fuglerud.

Publisert: 04.01.2021 13:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23