Kort fortalt

Vil ha butikksal av sterkt øl

Frp vil opne for lokale produsentar.

28.02.2020
NPK: Frp vil fjerne prosentgrensa for øl i butikk og argumenterer med at lokalprodusert øl på butikken er bra for distriktsarbeidsplassar og den lokale kulturen. Men helseministeren vil ikkje ha noka endring.
Helsepolitisk talsperson i Frp, Åshild Bruun-Gundersen meiner utspelet ikkje handlar om å la folk drikka meir men å la folk drikka betre. Ho argumenterer med at å selje lokalprodusert øl på butikken, vil kunne få fleire til å nyta kvalitetsøl som er produsert av lokal arbeidskraft og med lokale produkt. Ho trur det vil bety mykje for distriktsarbeidsplassar og den lokale kulturen.
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) meiner det både er dårleg alkoholpolitikk og dårleg næringspolitikk. Han har lite tru på at det vil gi vekst for dei små produsentane å ta plass i dei store butikkjedene, og meiner det er betre å vere i vinmonopolsystemet da dei har tilgang til heile landet.
Mikrobryggar Marius Marthinsen er ølbryggjar på Jåttå Gårdsbryggeri i Stavanger.
– Det er ikkje så frykteleg mange pol her samanlikna med talet på butikkar. Dersom me kunne ha selt øl opp til seks prosent i butikkane og i eige utsal, kunne me ha auka salet vårt, seier han til .

Publisert: 28.02.2020 10:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30